Samarbeidsavtale

Kontaktutvalet for Reinheimen




§ 1. Selskapsform

Kontaktutvalget for Reinheimen (KUR) er eit rådgjevande samarbeidsorgan for kommunane

som har arealrepresentasjon innanfor Reinheimen verneområde, oppretta ved Kongeleg

resolusjon 24.november 2006.


§ 2. Representasjon i KUR

Kommunestyret i kvar av dei 6 kommunane oppnemner 2 representantar med personlege

vararepresentantar, til å representere kommunen i KUR.

Ein av representantane skal vere ordføraren, den andre skal vere valgt av kommunestyret

blant grunneigarane/ rettshavarane med areal innanfor verneområde.

Nyvalg skjer ved starten av kvar kommunestyreperiode.

Ottadalen villreinutvalg vel ein representant.

Fylkesmannen i Oppland og Møre og Romsdal kan stille med ein observatør.


§ 3.Formål

KUR har som formål:

vere med å sikre ei langsiktig og heilskapleg forvaltning i heile verneområdet

vere ein pådrivar for at intensjonane i vernplanen blir gjennomført

sikre god koordinering av forvaltningen av verneområda mellom kommunane

fremje samarbeid mellom kommunane innanfor området som er omfatta av

verneplanen

fremje samarbeidet med offentlege og private aktørar som har interesser, eller

aktivitetar, i verneområde.

fungere som forum, der representantar frå dei enkelte kommunane kan utveksle

erfaringar og diskutere aktuelle spørsmål, strategiar og problemstillingar

samordne og fordele økonomiske verkemiddel som blir tilført verneområdet

ta initiativ til å utgreie eventuelle konflikter mellom verneinteressene og lokale

interesser

fremje forslag til forvaltningsplan overfor Direktoratet for naturforvaltning

høyringsorgan i aktuelle saker innanfor verneområdet

representasjon i andre fora som vedkjem verneområdet


§ 4. Sekretariat

Kontor blir etablert hjå, og i samarbeid med, Lesja kommune. Kommunen har og det

økonomiske/tekniske arbeidsgjevaransvaret for tilsette, inklusiv innmelding i pensjons- og

forsikringsordning og får sine utgifter dekt av KUR etter avtale.

KUR har det faglege arbeidsgjevaransvaret og fastset tilsette sine arbeidsoppgåver, lønn og

øvrige arbeidsvilkår. Det skal opprettast arbeidsinstruks for sekretær.


§ 5. Forholdet til kommunelova

Ved valg og tilsettingar gjeld bestemmelsane i kommunelova § 14 c.

Ved inhabilitet gjeld bestemmelsane i kommunelova § 40.

Om bokføring av forhandlingane gjeld bestemmelsane i kommunelova § 30.

KUR sin verksemnd skal vera underlagt reglane i "Lov om offentlighet i forvaltningen" og

"Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker."


§ 6. Møte i kontaktutvalget

KUR trer saman minst 1 gong i året, eller når minst 2/3 av medlemskommunane krev det,

eller etter behov.

KUR vel sjøl leiar og nestleiar for 2 år om gongen. Møte blir leia av leiaren i KUR. Når denne

er fråverande av nestleiaren.

Innkalling til møte skal skje med 2 vekers varsel.

KUR er vedtaksført når minimum halvparten av representantane er til stades.

Vedtak skjer med simpelt fleirtal. Kvart medlem har ei stemme i kontaktuvalget. Ved likt

antal stemmer har leiaren dobbeltstemme.

Representantar for fylkesmennene har møterett og talerett, men ikkje stemmerett.

Det skal førast protokoll frå møta i KUR. Protokollen skal skrivast under av leiar, og 2

medlemmar som blir valgt ved byrjinga av møtet.


§ 7. Arbeidsutvalg

Arbeidsutvalget består av 3 personar. Leiar, nestleiar og sekretær.


§ 8. Møte i arbeidsutvalget

Leiaren kallar inn til møte når det er nødvendig, eller i samråd med nestleiar og sekretær.


§ 9. Arbeidsutvalget sine oppgaver

Arbeidsutvalget skal:

iverksetja dei oppgaver som KUR pålegg det

utarbeide forslag til instruks for tilsette

bestemme løns- og arbeidsvilkår

leggje fram forslag til budsjett, revidert årsrekneskap og årsmelding

arbeidsutvalget kan tilleggjast spesielle fullmakter av KUR

arbeidsutvalget pliktar seg ved underskrift av leiar


§ 10 Administrativt fagutvalg

Det skal opprettast eit fagutvalg med 1 representant frå kvar kommune, samt sekretæren for

KUR.

Sekretæren for KUR kallar inn til møte.


§ 11. Økonomi

Rekneskap og budsjett blir ført av Lesja kommune.

Rekneskap og budsjett blir ført i medhald av kommunelova.

Forskrifter for kommunale budsjett og rekneskap gjeld og for KUR.

KUR nyttar same budsjett og rekneskapsår som kommunane.

KUR sin tilgang på kapital skjer gjennom eigenkapital, opptak av lån eller tilskot frå

medlemskommunane og staten. Dersom det er nødvendig med låneopptak må det innhentast

garantiar frå medlemskommunane.

Kommunane delegerer til KUR mynde om samordning og fordeling av økonomiske tilskot

som blir tilført verneområdet.

Drifta av verneområdet skal skje med statlege tilskot.


§ 12. Endring av samarbeidsavtalen

Endringar av samarbeidsavtalen må godkjennast i den enkelte kommune.


§ 13. Oppløysing

KUR kan oppløysast om medlemskommunane er samde om det. Det enkelte kommunestyre

gjer sjøl vedtak i saka.


§ 14. Godkjenning

Denne samarbeidsavtalen er godkjent med like vedtak i:

Lesja kommunestyre sak 19/07 – 03.05.07.

Rauma kommunestyre sak 165/07 - 28.08.07.

Skjåk kommunestyre sak 44/07 – 28.06.07.

Norddal kommunestyre sak 69/07 – 17.10.07.

Lom kommunestyre sak 46/07 – 04.09.07.

Vågå kommunestyre sak 24/07 – 04.09.07.