DIREKTORATET FOR NATURFORVALTNING

Besøksadresse: Telefon: Videokonf:

Tungasletta 2 73 58 05 00 73 90 51 40

Postadresse: Telefaks:

N-7485 Trondheim 73 58 05 01

Internett: Sakshandsamar:

www.dirnat.no Marte Eliasson

E-post: Telefon:

Postmottak@dimat.no 73 58 05 00



Likelydende brev til kommunane

Lesja, Skjåk, Vågå, Lom, Norddal og Rauma


Verneplan for Reinheimen. Delegering av forvaltningsmynde.

Direktoratet syner til tidligare korrespondanse vedrørande delegering av forvaltningsmynde for verneområda som går inn i verneplan for Reinheimen.

Delegering av forvaltningsmynde

I brev frå direktoratet av 13. mars 2007 fekk kommunane tilbod om delegering av forvaltningsmynde for verneområda i verneplanen for Reinheimen. Direktoratet har nå moteke skriftleg svar frå alle kommunane om at de ønskjer delegert forvaltningsansvar på dei vilkåra som går fram i tilbodet om delegering.


Som direktoratet skisserte i tilbodsbrevet, vil det for inneverande år vera mogleg å overføre ei

økonomisk ramme til forvaltning av verneområda. Direktoratet ønskjer å overføra eit samla beløp til forvaltninga av verneområda, og ber i denne samanhengen om å bli underretta om til kva konto pengane skal innbetalast. Direktoratet føreset at kommunane sjølv blir einige om innbyrdes fordeling av midla. Direktoratet ber vidare om å bli orientert om kor ein skal vende seg til ved førespurnader knytt til den samla forvaltninga av Reinheimenområdet.


Med heimel i brev frå Miljøverndepartementet av 25. juni 1998, jfr. kgl. res. av 25. oktober 1996, har Direktoratet for naturforvaltning i dag gjort vedtak om at kommunane Lesja, Skjåk, Vågå, Lom, Norddal og Rauma får delegert forvaltningsmynde for sine deler av:


• Reinheimen nasjonalpark

• Romdalen landskapsvernområde

• Taljorden - Reindalen landskapsvernområde

• Trollstigen landskapsvernområde

• Ottadalen landskapsvernområde

• Finndalen landskapsvernområde

• Lordalen landskapsvernområde

• Brettingsmoen naturreservat


Delegeringsvedtaket trer i kraft l.oktober 2007.


Direktoratet gjer merksam på at ordningane med delegert forvaltningsmynde for store verneområde skal evaluerast og leggast fl-am for Stortinget i løpet av 2008. Handsaminga i Stortinget kan endra føresetnadene for delegeringa.



Forvaltningsmynde for verneområda blir delegert på følgjande vilkår:

• Verneområde som er oppretta i medhald av naturvernlova har internasjonale verneinteresser

og skal forvaltast i samsvar med verneformålet og statlege retningsliner for forvaltning av

slike verneområde, jfr forvaltningshåndboka ( DN-håndbok nr. 17 -2001).

• Direktoratet for naturforvaltning kan trekke vedtaket om delegering tilbake. Kommunen kan

seie frå seg ansvaret som forvaltningsstyresmakt.

• Kommunen kan ikkje overføre/delegere avgjerdsmynde etter forskriftene til andre instansar

eller organisasjonar.

• Direktoratet for naturforvaltning kan gje nærare reglar om utøving av forvaltningsmynde.

• Direktoratet/SNO har ansvaret for organisering av oppsynsverksemda i verneområda.

• Kommunen skal ha naudsynt kompetanse innan naturforvaltning og kapasitet til å utføre ei

forsvarleg sakshandsaming.

• Kommunen kan be fylkesmannen om faglege råd og rettleiing i forvaltninga.

• Kommunen kan i tillegg til dei ramma som blir gitt til utøving av forvaltningsmynde frå DN,

søke om økonomiske løyvingar til tiltak i verneområda innanfor dei rammene som kvart år

vert fastsett av Stortinget. Det må etablerast nær dialog med SNO om dette.


Forvaltningsstyresmaktas oppgåver og kompetanse:

Utøving av mynde

Forvaltningsstyresmakta har ansvaret for forvaltninga av vernereglane som er fastsett i

verneforskrifta. Myndet er avgrensa til dei rettane som er direkte heimla i forskrifta.

Forvaltningsplan

Kommunen kan utarbeide eit utkast til forvaltningsplan for verneområdet/verneområdene.

Forvaltningsplanen skal godkjennast av Direktoratet for naturforvaltning.

Skjøtsel og tilrettelegging

Som forvaltningsstyresmakt skal kommunen vurdere behov og naudsynt gjennomføring av

skjøtsel og tilrettelegging. Plan for skjøtsel og eventuell tilrettelegging bør gå inn i ein

godkj end forvaltningsplan.

Gjennomføring av skjøtsels- og tilretteleggingstiltak avtalast lokalt med SNO gjennom ein

bestillingsdialog som SNO vil orientera nærare om.

Dispensasjon frå verneforskrifta.

Kommunen har mynde til å treffe vedtak om dispensasjon i høve til den einskilde

verneforskrifta. Forskrifta har eigne dispensasjonsreglar som set rammer for kva

dispensasjonar som kan gjevast. Kopi av alle fatta vedtak skal sendast til fylkesmannen,

Statens naturoppsyn og Direktoratet for naturforvaltning. Direktoratet for naturforvaltning er

klageinstans for vedtak som er fatta av kommunen som forvaltningsstyresmakt.

I dispensasjonssakar kor kommunale instansar sjølv står som søkjar/tiltakshavar, skal

fylkesmannen handsama saka som førsteinstans.


Merking og informasjon

Kommunen har ansvar for naudsynt merking og vedlikehald av merkinga i verneområda.

Første gongs merking må samordnast for heile området og vert dekka av DN etter nærare

avtale. Som forvaltningsstyresmakt skal kommunen vurdere behovet for særskilde informasjonstiltak. Kommunen har og ansvar for kontakt med grunneigarar, rettshavarar, brukarar, aktuelle lag og organisasjonar mv.


Brot på verneforskrifta

Sjølv om SNO er etablert som kontrollmynde i området, har kommunen som

forvaltningsstyresmakt likevel eit sjølvstendig ansvar for å sjå til at alle brot på reglane i

verneforskrifta som kommunen får kjennskap til, vert rapporterte/melde til politiet. Kopi av

rapport/meldinga skal sendast til fylkesmannen, lokalt SNO og Direktoratet for

naturforvaltning.


Rapportering om forvaltning

Kommune har ansvar for å rapportere om forvaltninga til fylkesmannen. Kommunen må

avtala med fylkesmannen korleis og kor ofte slik rapportering skal skje. Dersom føresetnadene for delegering av forvaltningsmynde endrast vesentleg, skal kommunen sørgje for å informera fylkesmannen.


Særleg om naturoppsyn i verneområde

Statens naturoppsyn (SNO) har det overordna ansvaret for tilsynet med alle landets nasjonalparkar og andre verneområde. SNO er statleg mynde med lovbestemt ansvar for førebygging av miljøkriminalitet og kontroll med at reglane i miljølovverket vert haldne, jf. naturoppsynslova § 1 og

2. I tillegg har SNO eit ansvar for informasjon og rettleiing om regleverket og om bruken av

verneområda. For Reinheimen har Miljøverndepartementet oppretta 2 stillingar med ansvar for oppsynet i området. Stillingane er plassert i Skjåk og Rauma kommunar.

Registrerings- dokumentasjons- og skjøtselsarbeid som blir utført av SNO som ein del av det

heilskaplege naturoppsynet, eller feltarbeid som er kontraktsmessig knytt til SNO, vil være gratis for kommunen.


Utveksling og informasjon mv

Vi ber kommunen ta kontakt med fylkesmannen for å avtale naudsynt utveksling av arkivmateriale, informasjonsmateriell evt. anna som kan være til hjelp i forvaltninga. Det kan og være grunn til å undersøkje om det finnast særskilde skjønnsføresetnader eller utenomrettslige avtalar i samband med evt. erstatningsoppgjør. Forskrift m/kart over det einskilde verneområde skal oppbevarast i kommunen.


Olaf Nord -Varhaug

Fung.dir. for arealforvaltning

Marte Eliasson


Kopi til:

Fylkesmannen i Oppland Serviceboks 2626 Lillehammer

Møre og Romsdal fylke Fylkeshuset 6404 Molde

Miljøverndepartementet Postboks 8013 Dep 0030 Oslo

Kommunesektorens interesse- og Postboks 1378 Vika 0114 Oslo

arbeidsgiverorganisasjon

4