Norddal kommune har i møte 30.01.12, sak FS-011/12 gjort vedtak om avslag på klage som følgjer:
"1. Klage frå Mons Heggen, dagsett 19.11.11, på vedtak fatta i Norddal kommune 02.11.11, sak 67/11 etter verneforskrifta for Trollstigen landskapsvernområde, blir ikkje teke til følgje fordi:
- Vedlikehald av veg er direkte heimla i verneforskrifta, jf § 3 pkt. 1.2 b), men er eit ansvar for veghaldar/-eigar.
- Det er eit forbod mot motorisert ferdsel, jf verneforskrifta § 3 pkt. 5.1.
- Mons Heggen er som hytteeigar ikkje omfatta av unnataka i verneforskrifta § 3 pkt. 5.2.
- For transport etter verneforskrifta § 3 pkt. 5.3 b) og e) må det søkjast særskild om dette.
2. Formannskapet finn samstundes at verneforskrifta i denne samanhengen synes å ha uheldige og utilsikta konsekvensar og ber difor om at Direktoratet for naturforvaltning tillegg dette vekt i si behandling."
Saka er etter dette oversendt Direktoratet for naturforvaltning til endeleg avgjer.
Les saka her: