Vågå kommune har 04.01.12, med heimel i kommunal forskrift § 4 c, gjeve Drammen flyklubb / Seilflygruppa løyve til å arrangere Vågå Wavecamp 2012 i perioden 17. mars – 25. mars 2012, med forarbeid 16. mars. Vedtaket inneber etablering av ei mellombels flystripe på
Vågåvatnet.
Det er m.a. sett følgjande vilkår: "... Av omsyn til dyre- og fugleliv, samt utfart av turfolk i fjellområda, må ein unngå flyging nær bakken utanom ved start og landing. Det er viktig at flygarane får god informasjon om dette. Det vert her vist til generelle reglar for lågtflyging, og til særlege reglar for lågtflyging over Reinheimen nasjonalpark. Verneforskrifta har lågtflygingsgrense på 300 meter over bakken. ..."
Les saka her: