
Jordskifteverket i Vestoppland og Sør-Gudbrandsdal, med assistanse frå jordskifterettane i Nord-Gudbrandsdal, Valdres og Hallingdal, samt Pegasus Helicopter AS fullførte torsdag 1.9.11 merkinga av vernegrensene i Reinheimen. Enkelte punkt er så utilgjengelege at dei berre vil få oppgjeve koordinat og omtale, utan at det
er sett ned merkje.
Den formelle delen av prosessen står att:
- Vestoppland og Sør-Gudbrandsdal jordskifterett og Nord-Gudbrandsdal jordskifterett skal fatte domsslutning.
- Direktoratet for naturforvaltning må gjere eit vedtak om grensejustering.

Merkinga
er gjennomført på ein effektiv og skånsom måte. Vi har ikkje registrert klager i samband med arbeidet. Vi retter derfor ein takk til jordskifteverket og Pegasus Helicopter AS for eit godt samarbeid i samband med grensemerkinga!