09.08.2011

Med base på Grotli har personell frå jordskifteverket i Vestoppland og Sør-Gudbrandsdal, Nord-Gudbrandsdal, Valdres og Hallingdal, samt Pegasus Helicopter AS i veke 30 utført merking av vernegrensene for Reinheimen. Så langt er grensene i Skjåk, Lom, Vågå, Lesja, samt delar av Norddal og Rauma merka. Nokre punkt vart også merka frå bil i veke 31. Vêrforholda hindra fullføring av merkinga i veke 30. Det er merka ca 180 av dei vel 280 grensepunkta i Reinheimen.

 

Resterande punkt vil bli merka med bruk av helikopter i veke 35, då med base på Bjorli. Merkinga var planlagd gjennomført før villreinjakta tek til 20. august. Sidan dei punkta som står att ligg i område der det ikkje blir jakta villrein har ein likevel funne å kunne fullføre merkinga her i år.

 

Mannskap grensemerkingFoto - mannskap grensemerking, f.v.: Steinar Gurigard, Kjell Åge Norum, Erland Dysthe, Jan Ivar Skjedsvold (Pegasus Helicopter AS), Per Nordal, Knut H. Iverstuen, Sverre Høyvik, Trym Gurigard, Sjur Sande

Miljøverndepartementet
Direktoratet for naturforvaltning 
Fylkesmannen i Oppland
Oppland fylkeskommune 
Fylkesmannen i Møre og Romsdal 
Mør og Romsdal fylkeskommune
Norsk Fjellmuseum - Jotunheimen og Reinheimen Nasjonalparksenter
Skjåk allmenning 2
Ottadalen Villreinnemnd
 Gudbrandsdalsmusea - Lesja Bygdemuseum
Artsdatabanken
  Norsk institutt for naturforskning
 Norsk Villreinsenter
 Utmarkskommunenes Sammenslutning
  
 
 Dovrefjellrådet
Klima- og forurensningsdirektoratet