Reinheimen nasjonalparksenter
Norsk Fjellmuseum er eit av 15 autoriserte nasjonalparksenter i Noreg. Vår oppgåve er å formidle kunnskap om verneverdiar og friluftsliv i landets nasjonalparkar. Miljøforvaltninga sin visjon er at nasjonalparksenteret skal vera
ei ope dør til natur og naturopplevingar. Nasjonalparksenteret skal informere om nasjonalparkar og naturvern, bidra til å ta naturen i bruk til miljøvennleg friluftsliv og drive formidling for miljøforvaltninga.
Målsettinga omkring vern og friluftsliv skal formidlast til allmennheita.
Informasjon og formidling av Reinheimen nasjonalpark skal innarbeidast som ein integrert del på
Norsk Fjellmuseum. Dette inneber nye arbeidsoppgåver for museet, og nasjonalparksenteret har fått informasjonsmidlar frå DN, til eit forprosjekt "Informasjonstiltak for Reinheimen nasjonalpark". Målet med forprosjektet er å
- Planleggje ei pedagogisk utstilling om Reinheimen i nasjonalparksenteret
- Planleggje innhaldet i "informasjon i butikk" om Reinheimen på Coop ved Dønfoss i Skjåk
- Planleggje utforming og innhald i informasjonsmateriell om Reinheimen
- Planleggje formidlingsstrategi som formidlar kunnskap om natur og kultur i verneområdet, og som også er retta mot barn og unge.
Informasjon om Reinheimen nasjonalpark skal jf. autorisasjonen, skje i forståing med- og i samhandling mellom Nasjonalparksenteret og forvaltningsstyresmakta for Reinheimen nasjonalpark.
Overordna mål for Reinheimen nasjonalparksenter
Miljøforvaltninga ønskjer å bruke Nasjonalparksentra strategisk som ein formidlingskanal til ei breitt samansett målgruppe. Nasjonalparksenteret skal dekke tema som nasjonalparkar, naturvern og friluftsliv, og på den måten auke forståinga for vern, samt friluftsliv- og miljøpolitikk.
1: Senteret skal informere om nasjonalparkar og naturvern
Dette inneber å:
- skape forståing for vern av sårbare naturtypar og arter og verdien av store samanhengande naturområde
- medvirke til at bruken av nasjonalparkar og øvrige verneområde ikkje kommer i konflikt med verneformålet
- bidra til at reiselivsutvikling i og i tilknyting til nasjonalparken skjer på naturens og friluftslivets premisser og i tråd med verneformålet
Fokus skal være nasjonalparken/-e som senteret gjennom autorisasjonen er gitt ein særskilt formidlingsoppgåve for, men informasjon om Norges nasjonalparkar og vern generelt må også være ein integrert del. DN vil bistå med materiell til den generelle delen.
2: Senteret skal informere om og aktivisere til miljøvennlig friluftsliv
Dette inneber å:
- inspirere til å ta naturen i bruk til miljøvennlig friluftsliv
- bidra til sikker og trygg ferdsel i naturen.
Senteret skal bidra til å inspirere og stimulere til friluftsliv, via senterets utstillingar og gjerne gjennom aktivitetar og rettleiing.
3: Senteret skal drive formidling for miljøforvaltninga
Dette innebærer å:
- skape begeistring og ansvarsfølelse for naturen
- skape forståelse for sammenhengen mellom menneske, natur og landskap