Styringsgruppa for Finndalsprosjektet var på synfaring i Finndalen 14.07.10. Finndalsprosjektet er eit brukarstyrt prosjekt som i samarbeid med vernestyresmakta arbeider for skjøtsel og tilrettelegging i Finndalen landskapsvernområde. Det blir arbeidd med fleire ulike delprosjekt:
- Øvre Hove sæter som visiningssæter
- Informasjonstavle for kvar sæterstul
- Naturstig til Klympen
- Rydding og merking av kulturminne, m.a. ei tjyrumile
- Sjølvhogst av ved
- Rydding av vegetasjon på sæterstulane.
Prosjektet har fått økonomiske støtte frå SMIL, kommunane, Verdiskapingsprogrammet for kulturminner, Kulturminnefondet, Grunneigarfondet, Finndalsvegen og SNO.