
Reinheimen nasjonalpark med seks tilliggande landskapsvernområde og eit naturreservat vart oppretta i ved kongeleg resolusjon 24.11.06.
Reinheimen er eit felles namn for heile verneområdet. Namnet er kome til i vår tid. Det var fjelloppsynsmann og forfattar Olaf Heitkøtter som fekk æra av å namnsette området då han nytte denne nemninga i ei bok han skreiv på 70-talet. Området har tradisjonelt mange namn, der kvar bygd har namnsett sine område.
På denne nettstaden finn du bakgrunnsinformasjon om verneverdiar, vernereglar og forvaltningsmodell. I tillegg vil du finne aktielt stoff om forvaltning, bruk og vern av området.