Dette er den offisielle nettsida for Reinheimen nasjonalpark med tilhøyrande verneområde.
Kontaktutvalet for Reinheimen (KUR) er ansvarleg for sida.
Ansvarleg redaktør: 
Trond Stensby (mob. 911 61 458)
Kommentarar/melding om feil på nettstedet:
Villrein i solnedgang_ Foto: Morten Kielland
21.07.2010

Svømmesnipe. Foto: Per JordhøySkjåk kommune har, med heimel i § 48 i naturmangfaldlova, gjeve Skjåk Jeger- og Fiskarlag, 2690 Skjåk løyve til å flytte naustet ved Leirungsvatnet til ny tomt.

 

100720 Skjåk - flytting av naust - Skjåk Jeger- og Fiskarlag

15.07.2010

Styringsgruppa på Klympen 14.07.10. Foto: KURStyringsgruppa for Finndalsprosjektet var på synfaring i Finndalen 14.07.10. Finndalsprosjektet er eit brukarstyrt prosjekt som i samarbeid med vernestyresmakta arbeider for skjøtsel og tilrettelegging i Finndalen landskapsvernområde. Det blir arbeidd med fleire ulike delprosjekt:

 

  • Øvre Hove sæter som visiningssæter
  • Informasjonstavle for kvar sæterstul
  • Naturstig til Klympen
  • Rydding og merking av kulturminne, m.a. ei tjyrumile
  • Sjølvhogst av ved
  • Rydding av vegetasjon på sæterstulane.

Prosjektet har fått økonomiske støtte frå SMIL, kommunane, Verdiskapingsprogrammet for kulturminner, Kulturminnefondet, Grunneigarfondet, Finndalsvegen og SNO.

13.07.2010

Finndalen 19. juni. Foto: KURLom kommune har 12.07.10 gjeve Nord-Gudbrandsdal Jordskifterett løyve til å nytte helikopter for å frakte personell og utstyr med oppmerking av dei deler av Reinheimen nasjonalpark, Ottadalen landskapsvernområde, Finndalen Landskapsvernområde og Brettingsmoen naturreservat som ligg innanfor Lom kommune.

100712 Lom - bruk av helikopter ved grensemerking

 

12.07.2010

Lordalen. Foto: KURVestoppland og Sør-Gudbrandsdal Jordskifterett har kalla inn til rettsmøte 17.08.10 kl. 09:30 på Lora grendahus. Til møtet ligg det også føre uttale frå DN om at grensene skal følgje grensa mellom Lesja heimrast / Lesjaskog heimrast og dei private skogteigane nedanfor, med unnatak for den del av verneområdet som ligg heilt aust og vest i Lesja kommune.

Innkalling m. vedlegg kan du laste ned her:

100707 Innkalling til rettsmøte V og S-G jordskifterett

100707 V1 domstolovens regler om habilitet

100707 V2 adresseliste 

100707 V3 kart 

10707 V4 brev av 25_06_10 frå KUR til DN 

10707 V5 brev av 29_06_10 frå DN til KUR

08.07.2010

firkanten. Foto: Thomas Rødstøl, SNOThomas Rødstøl i Statens Naturoppsyn melder at informasjonstavlene i Rauma er på plass.

Les meir...  

06.07.2010

Rypejakt i Reinheimen. Foto: Per JordhøySkjåk kommune har gjeve Skjåk Jeger- og Fiskarlag løyve til å taksere rupebestanden som omsøkt.

100701 Skjåk - Skjåk JFF rupetaksering

 

06.07.2010

Garnet settast ut Foto: Per JordhøySkjåk kommune har gjeve Jarle Randen, 2690 Skjåk, løyve til å nytte båt med motor på Leirungsvatnet i Reinheimen nasjonalpark. Løyvet gjeld i samband med fiske. Løyvet blir gjeve med heimel i verneforskrift for Reinheimen nasjonalpark dagsett 24.november 2006, § 3, punkt 6.3, bokstav f).

100706 Skjåk - Jarle Randen bruk av båt Leirungsvatnet

 

02.07.2010

Rauma. Foto: Per JordhøyRauma kommune har 30.06.10 gjeve Nord-Gudbrandsdal Jordskifterett løyve til å frakte utstyr i samband med oppmerking av grensene for verneområda i Reinheimen som ligg iRauma kommune. Dette gjeld Reinheimen nasjonalpark og Romsdalen og Trollstigenlandskapsvernområder.

100630 Rauma - bruk av helikopter ved grensemerking av Reinheimen

 

Miljøverndepartementet
DN_hovudlogo 
Fylkesmannen i Oppland.JPG
OFK_logo 
www.fylkesmannen.no 
www.mrfylke.no
DR.JPG
NINA.JPG
NFM.jpg
NPR.jpg
Norsk Villreinsenter.JPG
 USS.JPG
LBM.jpg
logo_np.JPG