20.01.2010
~Svein Kvitingen.jpg
(Av Bjørn Dalen)
 
Svein Kvitingen var ein namngjeten fjellkar frå Skjåk. Han utmerka som m.a .som jeger, børsemakar og kjentmann i ulike samanhengar.
Svein Kvitingen vaks opp på garden Kvitingen i Nordberg i Skjåk i ei tid då det vart gjort store framskritt i det norske samfunnet. Han var svært intelligent og las alt han kom over. Serleg interessert var han i optikk og våpen, og han var ein ivrig jeger all sin dag.
 
Kvitingen hadde svært gode teknisk gjevnader og konstruerte kikkertar og gevær. I tillegg var han ein dyktig urmakar.
 
Den seinare statsminister og utanriksminister Johan Ludwig Mowinckel jakta rein i Skjåk saman med Svein Kvitingen fyrst på 1900-talet. Den erfaringa han fekk gjennom jakta her og på Hardangervidda, var direkte bakgrunn for at han fekk gjennomført forbod mot bruk av finkalibra gevær under reinsjakt i perioden 1901-1906. Grunnen var flokkskyting og sterk desimering av villreinstammane.
 
Svein Kvitingen deltok som kjentmann i samband med høgfjellskommisjonen sitt arbeid med grenseoppgang av statens høgfjell.
 
Kvitingen var også turistførar og patentførar for Den norske turistforening. Han førde i mange år på ruta Sota - Nørstedalsseter i det som no er kalla Breheimen.
 
Svein Kvitingen bygde også fleire hytter og buer i fjellet. Mest kjent er Sveinbue vest for Lortjønn i Reinheimen som vart bygt på 1890-talet.  Han etablerte Sota turisthytte og dreiv denne i mange år, der han også budde dei siste åra av sitt liv.
Miljøverndepartementet
Direktoratet for naturforvaltning 
Fylkesmannen i Oppland
Oppland fylkeskommune 
Fylkesmannen i Møre og Romsdal 
Mør og Romsdal fylkeskommune
Norsk Fjellmuseum - Jotunheimen og Reinheimen Nasjonalparksenter
Skjåk allmenning 2
Ottadalen Villreinnemnd
 Gudbrandsdalsmusea - Lesja Bygdemuseum
Artsdatabanken
  Norsk institutt for naturforskning
 Norsk Villreinsenter
 Utmarkskommunenes Sammenslutning
  
 
 Dovrefjellrådet
Klima- og forurensningsdirektoratet