Dei ulike regionane er nummererte med eit tal og ein bokstav for underregionen. Dei aktuelle verneområda er klassifiserte til å ligge i 4 regionar/underregionar:
· 33c Forfjellsregionen med hovudsakleg nordleg boreal vegetasjon (underregion Gudbrandsdalen med sidedalar).
· 35e Fjellregionen i søre del av fjellkjeda (underregion Møretindane) utgjer største delen av området.
· 35 f Fjellregionen i søre del av fjellkjeda (underregion Dovrefjell) omfattar dei austre delane av området.
· 37d Vestlandet sin lauv- og furuvegetasjon (underregion Nordfjord og Sunnmøre sine fjordstrok).
Verneforslaget inneheld i hovudsak alpine område med nokre mindre område nordboreal og vestlandsk lauv- og furuvegetasjon. Verneforslaget har lagt til grunn at dei utnytta barskogområda med seterdrift er foreslått som landskapsvernområde.
(etter Verneplan for Reinheimen, 14.03.04)